René eller Rene er eit personnamn danna som ei fransk form av det latinske Renatus, 'gjenfødd'. Namnet er mest brukt som mannsnamn, men kan også brukast av kvinner. Den franske kvinnelege forma av namnet er Renée. René har namnedag den 8. juni.
Renato og Renata er lengre italienske former av namnet. Renata har gjeve forma Renate.
I 2009 var det 792 menn og 18 kvinner i Noreg som heitte René eller Rene.