Maurice Maeterlinck | |
Maurice Maeterlinck | |
Nasjonalitet | Belgisk |
Statsborgarskap | Belgia |
Fødd | 29. august 1862 Gent i Belgia |
Død | |
Yrke | Franskspråkleg poet, dramatikar og essayist |
Språk | fransk |
Sjanger | filosofisk fabel |
Medlem av | Académie royale de langue et de littérature françaises de Belgique, Académie des gastronomes, Académie des sciences, belles-lettres et arts de Rouen |
Ektefelle | Renée Dahon |
Maurice Maeterlinck på Commons |
Grev Maurice Polydore Marie Bernard Maeterlinck (fødd 29. august 1862 i Gent, død 6. mai 1949 i Nice) var ein belgisk franskspråkleg poet, dramatikar og essayist som i 1911 blei tildelt Nobelprisen i litteratur «på grund av hans mångsidiga litterära verksamhet och särskilt hans dramatiska skapelser, som utmärka sig genom fantasirikedom och genom en poetisk idealitet, vilken, stundom i sagospelets slöjade form, röjer djup inlevelse samt på ett hemlighetsfullt sätt tilltalar läsarens känsla och aning.»
Maeterlinck sin lyrikk og sceneverk gjer han til ein av dei viktigaste representantane for symbolismen i litteraturen. Eit sentralt tema i mange av desse verka er menneska si hjelpeløyse stilt ovanfor døden.