William «Bill» Shankly (fødd 2. september 1913 i Ayrshire i Skottland, død 28. september 1981) var ein skotsk fotballtrenar kjend for å ha trena Liverpool FC frå 1959 til 1974. Under leiinga hans gjekk klubben frå og vera eit andredivisjonslag til eit leiande lag i Europa. Han er også kjend for å ha fleire fine replikkar. Som spelar fekk han fem landskampar for Skottland.